Dette er ei teneste som vel mange alt har stifta bekjentskap med, og so og med meg. Mykje morosamt og interessant, men sjølvsagt også mykje tull. Litt negativt er mykje vekslande kvalitet på filmsnuttane og vel mykje misbruk av opphavsrett. Men dette er ihverfall noko som elevane brukar. Videodeling er heilt klart ein god måte å få kontakt med brukarar på, og då spesielt yngre. Dette er medium nr.1 i dag. Klarar ein å lage litt humoristiske og opplysande videoar om biblioteket som ressurs som ein legg ut, vil nok det vere noko som i allefall blir sjekka ut, so kjem det heilt an på videoen om ein "treff" noko hos brukarane. Topp medium for dei yngre, utan samanlikning med noko anna!
Krev nok litt ferdighet som filmfotograf og som skodespelar hvis vi skal få full uttelling, men trur dette er ein god veg å gå. Men so var det å omsette det til praksis då.. Kjenner sceneskrekken tar meg..

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar