onsdag 17. november 2010
Podcast, Wiki og Nettsky.
Himmel og hav, moro men kaotisk so det held. Podcast er suverent,bruker itunes på heimepcen og hentar frå NRK blant anna. Super tjeneste, men fekk ikkje inn RSS til sjølve tenesten og eg gav rett og slett opp å legge inn mitt eige, men skal prøve igjen med Audacity som verkar relativt kurant. Helst vil eg nytte både film og lyd, fin måte å nå ut til folk på. Trur dette er litt framtidsretta, ihvertfall med litt aktiv reklame om at poden finnest. Wiki - tja. Vi har forsøkt dette på skulen med vekslande hell. Det er ein fin måte å få folk engasjerte på, MEN - det er også heilt avhengig av nett det - engasjement. Funkar ikkje hvis det berre er få som brukar det. Men i dei riktige grupper er det smart. Wikipedia brukar eg svært mykje,den er definitivt inne i varmen, dog ein fordel å ha levd ei stund (vurdere opplysningane litt kritisk) for å ha maksimalt utbyte av leksikonet. Nettsky - igjen praktisk, hvis ein har bruk for eit slikt verktøy. Men litt rotete å gå fram og tilbake mellom sidene, og kvifor verka ikkje dokumentet i bloggen tru?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar