Twitter er eg litt hekta på, definitivt ein vinnar for meg. Likar systemet med asymmetrisk relasjonsforhold, relativt lett å finne menneske og emner å "follow". Diverre får eg ikkje bekreftelsesepost, av ein eller annan grunn kjem ikkje Twitter tjenesten gjennom ? Litt pussig og at det straks dukka opp ein merkeleg "followers" ? Anar ikkje kven det er, og ikkje trur eg det blir noko gjensidig utbytte av kontakten, etter teksten å døme... Men uansett, poenget mitt er at kontakten kom so fort at vedkommande må ha eit system som ved visse kriteria blir "follower" automatisk. Men for å bli medlem i Twitter fyller ein ikkje ut noko som helst av opplysningar! So på kva grunnlag finn dei fram på?? På lykke og fromme? Ikkje verst å få tilbod om festleg damebesøk, berre so upraktisk at ho bur på eit anna kontinent.. Hmm. Trur ikkje det blir gjensidig aksept her nei.
Twitter er uansett eit supert verktøy. Gler meg til å bruke det meir. Om det er brukandes på biblioteket som kommunikasjon mot elevane mine er eg nok meir usikker på, men praktisk for å raskt på vite kva som skjer i lokalsamfunnet eller internasjonalt for den sags skuld. Indirekte kan dette kome bibliotekbrukarane til gode. Men eg innser at eg er avhengig av å byggje gode nettverk og finne gode "follows"..
Flickr - stor base. Fantastisk kva ein kan finne. Geotag er svært praktisk. Bra! Greit med bloggfunksjonen hvis medlem. Har vore vand med Picasa frå før og ser vel kansje ikkje dei store forskjellane bortsett frå det nevnte. Gode program med mange muligheiter, moro å redigere.Prøver å legge inn eit bilete som er tatt og lagt ut av Vera Allievi , frå eit bibliotek i Amsterdam. Vakkert bilete, ein vil besøke dette biblioteket- Må vere ein idell plass å sitte med ei fin bok og meditere litt inn i mellom :-)
Prøver "Grab HTML" funksjonen og ser om det funkar. Spennande!

Hmm. Svakt skuffa.. Har eg misforstått ? Trudde biletet skulle bli synleg i bloggen og ikkje berre ligge som lenke? Skjønar at den første adressa gjev den koplinga, men den siste som berre går på sjølve biletet trudde eg skulle fungere direkte ? Vel, vel - får prøve å finne ut av det. Tek utan problem imot gode svar eller råd:-)

Hei! Skal tru om du passa på å lime inn HTML-koden i HTML-editoren i blogginnlegget? Som du ser er det to faner du kan velje å skrive i: "Rediger HTML" og "Skriv". Sidan eg kan lese koden, så tippar eg at du la den inn i den vanlege "Skriv"-editoren. Om du klipper med deg koden og får den inn i "Rediger HTML", så tippar eg at biletet dukkar opp!
SvarSlett