Powered By Blogger

mandag 22. november 2010

Ferdig med kurset. Kva no?

Kvar byrjar eg no tru? Kansje ein skal byrje å omstrukturere bloggen til kvardagslivet, dvs. Bibliotekdrifta?
Noko som då er sjølvsagt for å få folk til å fylgje bloggen fast og ikkje miste interessa er OPPDATERING!
Sjølvsagt, ja. Men lett, nei. Kvardagen er såpass travel at det slett ikkje er sjølvsagt. Dessutan er det vel slik at ein etterkvart også sjølv misser litt av den entusiasmen som ein har ved eit nytt prosjekt. Sjølv om ein liker det, so betyr ikkje det at ein alltid er på "alerten" heile tida.. Kjenner akkurat slike hensyn gjer meg litt betenkt(feigt nok..)

trur nok at skal ein ha ein kanal må det vere Facebook, fleire medie blir for tungvint å drifte. Her kan ein vel til nød vere litt slappare, då terskelen er litt høgare før ein blir kutta ut av kretsen, dessutan vil kansje jungeltelegrafen hjelpe på litt og hvis ein skriv om noko interessant og legg ut?

Får prøve å sjå, vil prøve å opprette eit samarbeid med miljøkoordinator på skulen om dette. blir artig framover :-)

2 kommentarer:

  1. Høyres bra ut. Lykke til med å setje lærdommen ut i live!

    SvarSlett
  2. Du får trøysta deg med at me er fleire i same båten! Kurset har vore veldig bra og eg har lært mykje, men er redd det ikkje vert brukt, rett og slett fordi eg ikkje har kapasitet til det. Eit alternativ er å få til noko på fellesen, altså fleire vidaregåande skular går saman om eit eller anna, for som du seier ingen gidd følgja med noko som det ikkje skjer noko på........ Me får fundera vidare!

    SvarSlett