Powered By Blogger

onsdag 20. oktober 2010

Igoogle, RSS og sosiale bokmerker

Igoogle som startside er veldig ok. Tilpassa er det oversiktleg og raskt. Greit å lære seg, veldig kjekt med RSS funksjonar. Svært nyttigt.  Sosiale bokmerker er ei anna utfordring. I utgangspunktet relativt lett, men sleit litt med enkelt merker her. Pussigt at det skal vere skilnad på å få inn dei ulike merkene? Men no skal det seiest at pcen tok kvelden og måtte setjast heilt opp på nytt, so noko kan det ha vore med det. Prøver igjen!
Bokelskere er forresten ei kjempefin side. Lett å komme inn i - lett å bli hekta på. Lika den! Får berre prøve å få tid til å bruke den og. . Blir vel lite tid til lesing. Hvilken ironi for ein som arbeider med bibliotek og elsker bøker.....   
Del.icio.us - artig etterkvart som ein blir litt kjent, vil vel ikkje bli brukt so mykje av meg personleg - det var dette med tida då.. 

onsdag 13. oktober 2010

Tilpassing av Bloggsida. Nettkommunikasjon. Chat.

Slit litt med å få bloggsida som eg vil. Spesielt bilde var vanskelig å få inn av ein eller annan grunn, Men går vel etter kvart.  Har lagt inn Google sin  nettkommunikasjonsfil og tilpassa kameravisninga. Blir ikkje brukt so mykje enno, men er moro å prøve, vil kansje bruke det meir med tida? Har tidlegare nytta Skype, som fungerte ok.  Praktisk ved nettmøte og liknande "offisielt" bruk i allefall. Suverent hvis nettmøtefunksjonen blir brukande.  Chat synest eg rett og slett blir litt treigt. Tykkjer nesten det er "passe" allereie...  Men mulig eg er ute på djupt vatn her?? Kan nok vere praktisk i enkelte tilfelle, som eksempelvis i "Spør ein bibliotekar" , men i mange tilfelle vil eg tru at denne funksjonen eldast fort..  Kjem ikkje på kvar eg skulle bruke det i praksis? Men åpen for god info.