Powered By Blogger

torsdag 16. desember 2010

Snart jul!

Bra julestemning ute no :-) Stort betre enn dette blir det ikkje. Sjølv om eg må innrømme at eg alt er byrja å bli lei av snø og kulde... Men tusen gangar betre enn sludd og regn :-) God Jul! Sjekk ut denne videoen. Kreativt!!

mandag 22. november 2010

Ferdig med kurset. Kva no?

Kvar byrjar eg no tru? Kansje ein skal byrje å omstrukturere bloggen til kvardagslivet, dvs. Bibliotekdrifta?
Noko som då er sjølvsagt for å få folk til å fylgje bloggen fast og ikkje miste interessa er OPPDATERING!
Sjølvsagt, ja. Men lett, nei. Kvardagen er såpass travel at det slett ikkje er sjølvsagt. Dessutan er det vel slik at ein etterkvart også sjølv misser litt av den entusiasmen som ein har ved eit nytt prosjekt. Sjølv om ein liker det, so betyr ikkje det at ein alltid er på "alerten" heile tida.. Kjenner akkurat slike hensyn gjer meg litt betenkt(feigt nok..)

trur nok at skal ein ha ein kanal må det vere Facebook, fleire medie blir for tungvint å drifte. Her kan ein vel til nød vere litt slappare, då terskelen er litt høgare før ein blir kutta ut av kretsen, dessutan vil kansje jungeltelegrafen hjelpe på litt og hvis ein skriv om noko interessant og legg ut?

Får prøve å sjå, vil prøve å opprette eit samarbeid med miljøkoordinator på skulen om dette. blir artig framover :-)

torsdag 18. november 2010

Oppsummering

I klårtekst: eit svært bra og opplysande kurs! Ein vil trenge meir tid for å kunne nytte seg av det til fulle, men når ein har fått repetert litt og blitt "varm i trøya" trur eg sjølvtilliten er på topp når det gjeld sosiale medier :-)

Det er rett og slett naudsynt å vite dette om Web 2.0, og heilt avgjerande for vår framtid som velfungerande bibliotekarar i den kvardagen vi er på vei inn i.

Når det gjeld favorittverktøy vil eg personlig ta ut Twitter, men for kontakten mot brukarane mine vil eg bruke eigen profil Facebook og kansje også podcast litt lenger fram.

Nettsamfunn og Facebook

Nettsamfunn er i allefall vårt tids medium nr.1 for kommunikasjon.Uten diskusjon i det heile. Med Facebook på toppen. Tala frå statistikken talar for seg sjølve. For oss voksne brukarar er det ei viss sperre for å ta i bruk desse media i uhemma dressur, kansje spesielt facebook der det er lett for å få det inntrykket at ein eksponerer seg for alt og alle. Men det er som med mykje anna - ein vanesak. Er i allefall sikkert at Facebook er måten å nå brukarane best på. No ser eg det i lys av den situasjonen som eit skulebibliotek på ein vidaregåande skule er i. Der er facebook et "must" for betre kommunikasjon. MEN, brukarane må "lokkast" til sida, og når dei først er der, må ein halde på interessa. Det fordrar tid og engasjement, men vil nok vere verdt det. Har oppretta ein profil på Biblioteket til dette formålet. Å bruke min private profil er verken tilrådd eller aktuelt. Gjekk greit å etabler sida, men fekk problem med å få inn div.linkar til bloggar.

onsdag 17. november 2010

Podcast, Wiki og Nettsky.

Himmel og hav, moro men kaotisk so det held. Podcast er suverent,bruker itunes på heimepcen og hentar frå NRK blant anna. Super tjeneste, men fekk ikkje inn RSS til sjølve tenesten og eg gav rett og slett opp å legge inn mitt eige, men skal prøve igjen med Audacity som verkar relativt kurant. Helst vil eg nytte både film og lyd, fin måte å nå ut til folk på. Trur dette er litt framtidsretta, ihvertfall med litt aktiv reklame om at poden finnest. Wiki - tja. Vi har forsøkt dette på skulen med vekslande hell. Det er ein fin måte å få folk engasjerte på, MEN - det er også heilt avhengig av nett det - engasjement. Funkar ikkje hvis det berre er få som brukar det. Men i dei riktige grupper er det smart. Wikipedia brukar eg svært mykje,den er definitivt inne i varmen, dog ein fordel å ha levd ei stund (vurdere opplysningane litt kritisk) for å ha maksimalt utbyte av leksikonet. Nettsky - igjen praktisk, hvis ein har bruk for eit slikt verktøy. Men litt rotete å gå fram og tilbake mellom sidene, og kvifor verka ikkje dokumentet i bloggen tru?

Dokument i Nettsky

søndag 14. november 2010

You Tube

Dette er ei teneste som vel mange alt har stifta bekjentskap med, og so og med meg. Mykje morosamt og interessant, men sjølvsagt også mykje tull. Litt negativt er mykje vekslande kvalitet på filmsnuttane og vel mykje misbruk av opphavsrett. Men dette er ihverfall noko som elevane brukar. Videodeling er heilt klart ein god måte å få kontakt med brukarar på, og då spesielt yngre. Dette er medium nr.1 i dag. Klarar ein å lage litt humoristiske og opplysande videoar om biblioteket som ressurs som ein legg ut, vil nok det vere noko som i allefall blir sjekka ut, so kjem det heilt an på videoen om ein "treff" noko hos brukarane. Topp medium for dei yngre, utan samanlikning med noko anna!
Krev nok litt ferdighet som filmfotograf og som skodespelar hvis vi skal få full uttelling, men trur dette er ein god veg å gå. Men so var det å omsette det til praksis då.. Kjenner sceneskrekken tar meg..

You Tube - Happy Feet

Origo, Twitter og Flickr - erfaringar

Spennande verktøy. Origo er eg litt delt i syn på, grei å bruke, spesielt til lokale diskusjonar i ei innsnevra gruppe. Men samstundes eksponerer ein seg kansje lett "over evne"  når det blir få brukarar? Kan bli for snevert kansje? 

Twitter er eg litt hekta på, definitivt ein vinnar for meg.  Likar systemet med asymmetrisk relasjonsforhold, relativt lett å finne menneske og emner å "follow". Diverre får eg ikkje bekreftelsesepost, av ein eller annan grunn kjem ikkje Twitter tjenesten gjennom ? Litt pussig og at det straks dukka opp ein  merkeleg "followers" ? Anar ikkje kven det er, og ikkje trur eg det blir  noko gjensidig  utbytte av kontakten, etter teksten å døme... Men uansett, poenget mitt er at kontakten kom so fort at vedkommande må ha eit system som ved visse kriteria blir "follower" automatisk. Men for å bli medlem i Twitter fyller ein ikkje ut noko som helst av opplysningar! So på kva grunnlag finn dei fram på?? På lykke og fromme?    Ikkje verst å få tilbod om festleg damebesøk,  berre so upraktisk at ho bur på eit anna kontinent.. Hmm. Trur ikkje det blir gjensidig aksept her nei.
 Twitter er uansett eit supert verktøy. Gler meg til å bruke det meir. Om det er brukandes på biblioteket som kommunikasjon mot elevane mine er eg nok meir usikker på, men  praktisk for å raskt på vite kva som skjer i lokalsamfunnet eller internasjonalt for den sags skuld.   Indirekte kan dette kome bibliotekbrukarane til gode. Men eg innser at eg er avhengig av å byggje gode nettverk og finne gode "follows"..

Flickr - stor base. Fantastisk kva ein kan finne. Geotag er svært praktisk. Bra! Greit med bloggfunksjonen hvis medlem. Har vore vand med Picasa frå før og ser vel kansje ikkje dei store forskjellane bortsett frå det nevnte. Gode program med mange muligheiter, moro å redigere.Prøver å legge inn eit bilete som er tatt og lagt ut av Vera Allievi , frå eit bibliotek i Amsterdam. Vakkert bilete, ein vil besøke dette biblioteket- Må vere ein idell plass å sitte med ei fin bok og meditere litt inn i mellom :-)
Prøver "Grab HTML" funksjonen og ser om det funkar. Spennande!
@ the library
Hmm. Svakt skuffa.. Har eg misforstått ? Trudde biletet skulle bli synleg i bloggen og ikkje berre ligge som lenke?  Skjønar at den første adressa gjev den koplinga, men den siste som berre går på sjølve biletet trudde eg skulle fungere direkte ? Vel, vel - får prøve å finne ut av det. Tek utan problem imot gode svar eller råd:-)

onsdag 20. oktober 2010

Igoogle, RSS og sosiale bokmerker

Igoogle som startside er veldig ok. Tilpassa er det oversiktleg og raskt. Greit å lære seg, veldig kjekt med RSS funksjonar. Svært nyttigt.  Sosiale bokmerker er ei anna utfordring. I utgangspunktet relativt lett, men sleit litt med enkelt merker her. Pussigt at det skal vere skilnad på å få inn dei ulike merkene? Men no skal det seiest at pcen tok kvelden og måtte setjast heilt opp på nytt, so noko kan det ha vore med det. Prøver igjen!
Bokelskere er forresten ei kjempefin side. Lett å komme inn i - lett å bli hekta på. Lika den! Får berre prøve å få tid til å bruke den og. . Blir vel lite tid til lesing. Hvilken ironi for ein som arbeider med bibliotek og elsker bøker.....   
Del.icio.us - artig etterkvart som ein blir litt kjent, vil vel ikkje bli brukt so mykje av meg personleg - det var dette med tida då.. 

onsdag 13. oktober 2010

Tilpassing av Bloggsida. Nettkommunikasjon. Chat.

Slit litt med å få bloggsida som eg vil. Spesielt bilde var vanskelig å få inn av ein eller annan grunn, Men går vel etter kvart.  Har lagt inn Google sin  nettkommunikasjonsfil og tilpassa kameravisninga. Blir ikkje brukt so mykje enno, men er moro å prøve, vil kansje bruke det meir med tida? Har tidlegare nytta Skype, som fungerte ok.  Praktisk ved nettmøte og liknande "offisielt" bruk i allefall. Suverent hvis nettmøtefunksjonen blir brukande.  Chat synest eg rett og slett blir litt treigt. Tykkjer nesten det er "passe" allereie...  Men mulig eg er ute på djupt vatn her?? Kan nok vere praktisk i enkelte tilfelle, som eksempelvis i "Spør ein bibliotekar" , men i mange tilfelle vil eg tru at denne funksjonen eldast fort..  Kjem ikkje på kvar eg skulle bruke det i praksis? Men åpen for god info.

torsdag 30. september 2010

Oppgåve om blogging.

Emnet er relativt nytt,  har akkurat oppretta bloggen og skrive fyrste innlegget. Men merkar allerede "suget" i bloggbransjen. Lett å engasjere seg, kansje blir hovudutfordringa å begrense seg?

Bloggkurs - ikkje berre ein leik...

Har no fått oppretta det fyrste utkastet til bloggsida. Etterkvart får vi sjå kva som er mest funksjonelt.
Vidttrekkande medium, mange om beinet, på godt og vondt :-)